Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. januar 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!

Det er Helen Saksen og Arndis Søyset som er ansvarlege for strikkekaffeen i sanitetsforeninga, og dei er vertinner no laurdag. Dei kan fortelje at namnet Fredrikkekaffe kjem av at grunnleggaren av Norske Kvinners Sanitetsforening heitte Fredrikke Marie Quam. Ho var med og stifta NKS i 1896 og var den første leiaren.

Arndis og Helen melder at det blir både kaffeservering og utlodding på Fredrikkekaffeen denne gongen. Den som har lyst, kan ta med gevinst til utloddinga.

Alle både i og utanfor Todalen er velkomne til sosialt treff i Sanitetshuset, med eller utan handarbeid!

VEL MØTT!

Publisert: 15. januar 2020, 23:39