Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 11. mai 2019

Kanskje er den hardaste handarbeidssesongen på hell, det er heller sesong for hagearbeid, våronn og uteliv. Laurdag ettermiddag var det nemleg litt færre enn vanleg som møttest i Sanitetshuset til Fredrikkekaffe. Men dei fjorten som var på plass, fekk ei kjekk stund i lag.

Ildri strikkar ein fin genser og Randi ein lett sommartopp. Foto: Dordi J H

Her vart det strikka og prata, drukke kaffe med godt bakverk til: bakels og kanelsnurrar; utlodding vart det og. Synnøve og Arndis var vertinner. Dei lurte på om det no var tid for å ta sommarferie, men alle ønskte Fredrikkekaffe om 14 dagar igjen. Det er altså viktig å ha ein plass å møtast, Sanitetshuset og Sanitetsforeninga er slik viktig for lokalmiljøet og bygdefolket.

No blir det fargerike og gode lestar. Grete og Ingeborg likar seg på Fredrikkekaffe. Foto: Dordi J H

Her blir det både lestar, jakke og sjal. Jenny, Åse Johanne og Eli Marie. Foto: Dordi J H

Så: Vel møtt til sesongens siste Fredrikkekaffe den 25. mai!

 

 

Først publisert: 11. mai 2019, 22:39 - Sist oppdatert: 13. mai 2019, 16:30