Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag var det slutt for Talgø-alle’n!

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. desember 2022

Fredag var Per E. Gjeldnes Maskin ute på spesialoppdrag.  Det gikk ut på å felle dei store asketrea i allén ved Talgø gard, som etter kvart har fått så mykje tørre greier at dei var en trussel for trafikken.  Anita Talgø, som er grunneigar, fortel at det har vore fleire tørrgreiner enn nokon gong i år – så no måtte dei berre til pers.

Talgøalle’n er todelt – lengst mot aust er det store bjørketre som skal få stå, medan dei trea som stod nedafor gardstunet er ask.  Ask er hardtre, og det har lett for å bli tørre greier som kan gje etter for snøfall og sterk vind.  På bildet frå 2013 ser vi at det er store tre det dreier seg om, og det var slett ingen spøk å få dei overende for Per og Arne Gjeldnes som hadde oppdraget.  

På bildet frå 2013 ser vi at det er store tre det dreier seg om – Mange tørre greiner var etter kvart ein trussel for trafikken forbi Talgø gard når det var vind og store snøfall, fortel Anita Talgø. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Eit spørsmål som dukka opp er sjølvsagt kor gamle disse trea er.  – Anita har gamle bilder frå fyrre årsskifte, og da er disse trea berre små, og vi kan vil difor konkludere med at dei er planta på slutten av 1800-talet. Dei har altså vokse seg store gjennom snart 150 år.  Anita har alt fått den første forespørsel om levering av emner i ask, og stokkar til skurlast.  

Anita Talgø meiner at asktrea i alle’n kan nærme seg 150 år – altså planta i slutten av 1800-talet. Det er problematisk å rekne årringane på trestubbane. Foto Jon Olav Ørsal

Ho fortel også historier om folk som har oppsøkt garden for å få tak i emner/greiner som kunne brukast til askavkok til medisinsk bruk.  Det var så moderne med askavkok for ein del år sia, og det seiast at det hjelpte praktisk talt mot alt mulig. Askavkok vart desverre ikkje nokon helserevolusjon, men det vart da mykje styr og ståk i rundt temaet.  No er iallfall jobben gjort og det står berre att litt opprydding langs vegkanten.  

 

Publisert: 17. desember 2022, 18:26