BMO Entreprenør har sia slutten av januar jobba med reparasjonsarbeid på Haukåbrua. No går arbeidet mot slutten, og i løpet av komande fredag vil brua igjen bli opna for trafikk. Arbeidet var i utgangspunktet planlagt ferdig i slutten av februar, men det var meir omfattande skade på brua enn ein først trudde – derfor vart prosjektet utvida og ny dato for ferdigstilling vart sett til 18. mars.
No er arbeidet med montering av nytt rekkverk på det næraste ferdig, og det som står igjen er i hovudsak legging av membran og ny asfalt på brudekket. Dette arbeidet vil bli utført når det lir til vårs og asfaltverka startar på ny sesong, fortel Rolf Ivar Furu og Asbjørn Myrkaskog som har jobba med betongarbeid og montering av nytt rekkverk. Dei fortel også at det var på høg tid at det vart gjort reparasjon på brua, da det var store rustskader både på rekkverket og på armeringa i brua – i tillegg til dårleg kvalitet på deler av betongen på brua.
Men no er brua god som ny, og vi vil nok ha glede av brua i fleire generasjonar framover, seier dei to frå BMO Entreprenør til Todalen.no.