Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag opnar eggbua i Pestua igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juli 2024

Det har vore generasjonsskifte i hønehuset i Pestua.  Det gamle innsettet med verpehøner var uttjent, og nye er komne til gards.  No nærmar det seg starten på verpinga, og dei aller første kjuklingegga er alt komne og snart er det full produksjon igjen.  Og full produskjon, det er ca 7.500 egg pr dag – ett egg pr verpehøne. 

I starten blir det ein del kjuklingegg som er litt mindre – her blir det ein rimeleg pris. Tonje Kinderås fyller opp eggbua på fredag ettermiddag. Foto Jon Olav Ørsal

Når det blir skifta innsett så er det ein omstendeleg prosess med reingjering og desinfeksjon av lokala, som deretter skal stå og tørke.  Nye kjuklingar er 16 veker gamle når dei blir leveret, og da tek det enda 3 veker før dei tek til å verpe.  Først blir det kjuklingegg, som er litt mindre, men etter ei veke eller to så er dei i normal gjenge med egg i vanleg størrelse. Og når det er komne i produksjon så er det full jobb i 80 veker – rundt 560 egg før dei hamnar på slakteriet.

Nytt innsett med 7500 verpehøner som snart er klare for «jobb». Foto Anders A. Karlsen.

Frå fredag ettermiddag blir det altså eggsal igjen frå sjølvbetjeningsbua ved hønehuset.  I starten blir det og høve til å kjøpe kjuklingegg, som er litt mindre.  Her vil det bli eit ekskusivt tilbud sier Anders, som tipsar om at kjuklingegga er veldig god på smak ettersom dei i starten går på ekstra godt fôr.  Frå helga er det altså normal gjenge også i eggbua.

Snustomt i Eggbua akkurat no, men fredag ettermiddag blir det fylt opp med egg. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 24. juli 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 23. juli 2024, 14:59