Fredag kveld kjem Lykkestund-gjengen til Todalen ungdomshus med sin konsert. Det er Svanhild Husby som har teke initiativet til denne minikonsertrunden som starta først i Sagatun sist fredag kveld og som fortsette i Lauvtun i Betna laurdagkvelden og som no kjem til Todalen ungdomshus komande fredagskveld. Dei har fått fantastisk tilbakemelding frå publikum i Sagatun og i Betna. No gler dei seg på fortsettelsen i Todalen og sluttførestillinga i Billaget på Surnadalsøra.
I Todalen blir det iallfall to lokale kjendisar som deltek på scena; Jan Peter Husby og Lars Sæther blir med både på forestillinga i Todalen og på finalen på Billaget. Dersom du vil reservere billett kan du kjøpe på nettet, eller du kan kjøpe billett ved inngangen i Todalen ungdomshus. Fredag kveld opner dørene kl 19 og konserten startar kl 20.00.