Fredag vart det felt ei gaupe på Nordvik. Etter som vi forstår så er det hogaupa Gudrun som er felt fredag ettermiddag, ei stor hogaupe på rundt 20 kg. Dette er gaupe nummer to denne veka, etter at det vart felt ei stor hanngaupe tidlegare i Surnadal tidlegare i veka.
Dermed er det ei gaupe att av den kvoten som vart tildelt dette området, som utgjer Surnadal og Aure unnateke gamle Tustna kommune. Det var Tidens Krav som først skreiv om saka (+-sak).