Vasskvalitet for friluftsbad blir i hovudsak vurdert ut i frå innhaldet av tarmbakteriar (termotolerante koliforme bakterier – TKB) og intestinale enterokokker (E)).
Dette er bakteriar som er teikn på avføring fra menneske eller pattedyr. I dei europeiske normene (2006) blir den bakteriologiske vasskvaliteten vurdert og delt i tre tilstandsklassar: Grøn (utmerket), gul (god) og raud (dårleg).
Det er særleg småbarn og personar med nedsett immunforsvar som kan bli sjuke av å få i seg vatn med høge forekomstar av slike bakterier.
Prøvane som viste raud tilstandsklasse vart tatt 16. og 17. juni. Det blir teke ny prøve på dei «raude strendene» etter helga og ny runde av alle i veke 28.