Førstkomande laurdag opptrer duoen Franklind (Linda og Frank sPoon Botten) på Øra Kafe på Sunndalsøra. Det heile tek til klokka 21:00 og er ferdig slik at alle som tek turen skal ha god tid til å nå siste ferga på Rykkjem. Linda og Frank kjem frå Surnadal. Linda, er som mange av oss kjenner til, «halv» todaling, då mor hennar har vokse opp Sandstad.
Linda og Frank spelar og syng songar dei har vorte glad i gjennom livet. Paret spelar songar med djupe tekstar, songar dei har framført i gravferder, bryllaup, namne-seremoniar og andre viktige hendingar. Paret har vore med på fleire musikalske oppsetjingar og produksjonar.
Linda og Frank får gode tilbakemeldingar på at dei lagar sine eigne versjonar og arrangement på songane dei framfører. På laurdag opptrer dei med sin vante rigg, nemleg gitar og fløyte. Dei håpar dette vil skape ein lun og triveleg kveld på Øra Kafe.