Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Framtidsfullmakt – kva er det?

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. august 2023

Tysdag 5. september kl 18:30 inviterer Todalen sanitetsforening til infomøte om etablering av framtidsfullmakt i Sanitetshuset på Kvennset.  Da kjem advokat Inger Grete Lundemo for å orientere om framtisfullmakt – og kva dette er, og korleis du skal gå fram med å etablere slik fullmakt.   Dette er eit ope møte, med gratis adgang, og alle er velkomne til å bli med.  Enkel servering.  

Vi får ei grundig orientering om framtidsfullmakt, og kvifor alle bør ha ein tanke om det?  Er dette det same som eit testamente eller ein verge?   Dette blir skikkeleg belyst på møtet som altså skjer i Sanitetshuset tysdag kveld kl 18:30. 

 

Publisert: 30. august 2023, 08:23