Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Framtidsfullmakt – infokveld som engasjerte mange

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. september 2023

Framtidsfullmakt engasjerer mange – Surnadal sanitetsforening samla fullt hus på Surnadal VG skule for ei vekes tid sia, og tysdag kveld kom det eit 40-tal i Sanitetshuset på Kvennset.  Det var Inger Grete Lundemo frå Advokatene Lundemo i Surnadal som heldt foredrag for eit lydhørt publikum her.  

Infokvelden om framtidsfullmakt samla ei førtital tilhøyrarar i Sanitetshuset tysdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Kva er så ei framtidsfullmakt?  I vergemålslova blir ei framtidsfullmakt definert slik:  «Ei framtidsfullmakt er ei fullmakt til ein eller fleire personar om å representere fullmaktsgjevaren etter at fullmaktsgjevaren på grunn av sinnsliding, herunder demens, eller alvorlig svekka helbred ikkje lenger er i stand til å ivareta sine interesser innafor dei områda som blir omfatta av fullmakta».

Fullmakta kan du skrive sjølv, eller du kan få hjelp av ein advokat dersom du har behov for det.  Viktig er det at ein tenkje grundig gjennom det ein vil ha med i ei slik fullmakt.  Viktig er det også at den bblir underskriven av 2 vitne som kan gå god for at du var ved «fulle 5» når fullmakta vart skriven.  Ei slik fullmakt vil gje ein fullmektig rett til å gripe inn og ivareta dine interesser når du sjølv ikkje lenger er i stand til det.  Som oftast er det ein legeattest som fortel når denne tilstand trer inn.  Fullmakta går som oftast på å ivareta fullmaktgjevarens økonomiske interesser som å betale rekningar og halde styr på bankkontoen og eventuell verdisaker og fast eigedom. 

leiar i Todalen sanitetsforening takka Inger Grete Lundemo for eit interessant foredrag. Foto Jon Olav Ørsal

Lundemo forklarte også forskjellen på framtidsfullmakt, vergemål og testamend, der framtidsfullmakt gjer det enklare å handtere problem som oppstår medan ein ikkje er i stand til å gjera det sjølv og seinare også i samband med arbeoppgjør.   Framtidsfullmakt er godt dokumentert på mange nettsider, slik at ein kan lese seg opp – og som sagt går det an å få hjelp av ein advokat.  

Her ligg ein link til ei heimeside, der du kan finne eksempel på korleis ei framtidsfullmakt kan sjå ut. 

Først publisert: 5. september 2023, 20:27 - Sist oppdatert: 6. september 2023, 09:57