Måndag viste vi bilete frå Litj-fjellet og åtvara mot rasfare – i dag er det grunn til å gjenta denne åtvaringa. No er det neleg gått ras i området ovafor Ansnessetra – i fjellsida opp mot Litj-fjellet. Har du tenkt deg til fjells i helga, så er det iallfall all grunn til å utvise stor forsiktigheit.
Vi anbefaler derfor å følge godt med på skredvarslinga på varsom.no, der det enno er orange varsel – kategori 3 for heile Trollheimen. Det er varsel som gjeld fredag og laurdag. Søndag er ikkje vurdert enno i skrivande stund.