Det er framleis problem med å få reisande med skyssbåten til å parkere lovlig ved Svinvika, fortel kommunalsjef Inge Skogheim. Han presiserer at det er parkeringsforbud frå postkassestativet/melkerampen ved fylkesvegen inn til Todalen, og heile vegen nedover til hurtigbåtkaia. Det er parkeringsplassane ved hovudvegen som skal brukast til parkering. I tillegg kan du bruke gammelvegen frå arboretet og oppover Sommarfjøsbakkan (Tulipansvingen).
