Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Framleis mange synlege spor frå krigen

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. september 2019

Sist laurdag arrangerte Indre Nordmøre Forsvarsforening historisk vandring i Surnadal. Det er enno mange spor etter krigen i Skei-området og på Øye, og det er stor interesse blant folk for å tilegne seg kunnskap om kva som skjedde under krigen fra 1940-1945. Sjølv om vêret ikkje var det beste så møtte det opp rundt 70 deltakarar som var med på infomøtet på Surnadal vidaregåande skule og på omvisning i området rundt. Todalen.no hadde ikkje høve til å delta, men vi har etter avtal fått bilder frå Gunn Elin Røen, som også har ein flott artikkel i Trollheimsporten.

Omvisning i området som enno har krigsminner å vise. Øyvind Holte var omvisar og initiativtakar til arrangementet – her viser han fram murane etter matbrakka. Foto: Gunn Elin Røen

Det var og laga ei lita utstilling med krigsmateriell frå 2. verdskrig og utstyr som er funne i seinare tid i det aktuelle området. Foto: Gunn Elin Røen

Publisert: 17. september 2019, 09:22