Sist laurdag arrangerte Indre Nordmøre Forsvarsforening historisk vandring i Surnadal. Det er enno mange spor etter krigen i Skei-området og på Øye, og det er stor interesse blant folk for å tilegne seg kunnskap om kva som skjedde under krigen fra 1940-1945. Sjølv om vêret ikkje var det beste så møtte det opp rundt 70 deltakarar som var med på infomøtet på Surnadal vidaregåande skule og på omvisning i området rundt. Todalen.no hadde ikkje høve til å delta, men vi har etter avtal fått bilder frå Gunn Elin Røen, som også har ein flott artikkel i Trollheimsporten.
