Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok på sitt møte 9.november i år nye takstreglar for reiser med buss og hurtigbåt. Dei nye takstreglane trer i kraft 1.juanuar 2021, og inneber nokre vesentlege endringar for dei som reiser med buss, endringar det kan vere greitt å kjenne til.
Dei vesentlegaste endringane er:
- Nye reglar for barnebillettar
- Nye reglar for betaling med bankkort og kontantar
- Pristillegg for å ta med sykkel fell bort
Nye reglar for barnebillettar
Dei nye reglane for barnebillettar inneber at barn under 6 år reiser gratis (tidlegare 4 år). Vidare blir barnebillettar utvida til å gjelde fram til fylte 18 år (tidlegare 16 år).
Nye reglar for betaling med bankkort eller kontantar
Dei nye reglane for betaling med bankkort eller kontantar, inneber at du må betale eit «om bord-tiillegg» (gebyr) på 10 kroner for vaksne og 5 kroner for barn, studentar og honnør, når du kjøper enkeltbillett på bussen og betaler med bankkort eller kontantar. Kjøper du enkeltbillettar på nett eller i FRAM-appen slepp du dette pristillegget.
Ver klar over at du no må bruke BankID for å kunne kjøpe billettar på nett og i FRAM-appen med bankkort. Dette som eit resultat av EU sitt reviderte betalingsdirektiv, kalla PSD 2, som bestemmer sikkerheitskrava ved kundeautentisering (SKA). Dersom du betaler med Vipps slepp du derimot å bruke BankID.
Pristillegg for å ta med sykkel fell bort
Pristillegget for å ta med sykkel på bussen fell frå 1.januar bort, men det blir fullt og heilt opp til sjåføren å bestemme om det er plass til sykkelen på avgangen. Så akkurat her kan det vere duka for litt usikkerheit med tanke på om ein kan ta med sykkelen på bussen eller om ein rett og slett må sykle?