Vi har i dag fått flotte fjellbilder frå Erik Kårvatn og Kristoffer Nordvik. Saman med venner frå Trondheim Randoneeklubb har dei vore på ein tur som ingen har gjort makan til i Todalsfjella. Med start frå Todalsøra gikk turen til Litjfjellet, Rambjøra, Vassnebba, Blåfjellet, Snøfjellet og gikk til slutt «i mål» på toppen av Skjeringfjellet. Dette er ein tur som tok 10 timar, og var litt av ei oppleving for dei som deltok.
Erik og Kristoffer er vi godt kjent med, men med på turen var venner frå Trondheim Randoneeklubb – Johanna Åström og Thomas Berge Foyn. Her luktar det både verdenrekordar og andre prestasjonar. Johanna er da ein av verdas beste sky-runarar – sjølv om ho starta med konkurransar for 3 år sia.
Turen gikk både til fots og på ski – faktisk var det litt mindre snø i fjellet enn dei hadde rekna med og dermed vart meir av turen gjennomført til fots og tok litt lengre tid enn dei rekna med. Men turen var litt av ei oppleving i det fine være og den fine utsikten etter kvart som dei forserte toppane innover fjella.