Fredag kom det 7.500 nye og kjønnssorterte Todalingar til Pestua gard. At kjønnssorteringa skjer før egga blir ruga er siste nytt i bransjen, og dette er det første innsett her på Nordmøre og kanskje i heile fylket, seier Erling Brenne i Trøndelag kyllingoppdrett som er leverandør av verpeklare høner til Pestua Gard og Anders A. Karlsen.
Fredag var Erling og Stig Gøran Brenne – far og son som driv Trøndelag kyllingoppdrett i Skogn hos Pestua Gard for å levere det første innsettet. Hønene er 16 veker gamle, og dei startar verpinga om 2-3 veker. Deretter blir det full guffe i 90 veker. Kjønnssorteringa kostar faktisk 58 kr ekstra, men vi får att litt på ein høgare eggpris til Prior, så vi prioriterer dette likevel, seier Anders.
Kjønnssortert før ruging
Hønene er av rasen Dekalb white, og fordelen med kjønnssortering før ruging er fleire – ein slepp å klekke ut hanekyllingar som må avlivast etter kjønnstesting. Både ressurssparande og ikkje minst er det positivt for dyrevelferda. – Kyllingane blir født på Jæren, men kjem til Trøndelag når dei er eit par dagar gamle. Trøndelag kyllingoppdrett har ca. 240.000 kylling pr innsett og her bur dei altså til dei er 16 veker – deretter blir dei levert vidare til eggprodusentar frå Toten til Tromsø.

Transportetappen frå Skogn til Todalen gikk fort unna, med start frå Skogn kl 05. Foto Jon Olav Ørsal
Det er ikkje noko krav at det skal være kjønnssortering av egga, men Anders har valt å være med på karusellen som vart starta av Prior og Stensland. Men ved å kjønnssortere egga vil ein spare sorteringa og avlivinga av hanekyllingane etter klekking – med andre ord talar vi og om dyrevelferd. Det er frivillig om ein vil være med på dette, men Anders trur det kan bli eit krav etter kvart.
Oppteken av dyrevelferd
Anders er oppteken av dyrevelferda – det er på ein måte den vi lever av. Dersom dyra ikkje har det bra ser vi at det fort går ut over produksjon – og dermed resultatet. I eggproduksjonen produserer hønene 6,8 egg pr veke. – Anders fortel at da han starta i 2004 var det vanleg at hønene produserte egg i 76 veker, medan dei no produserer stadig lenger og i dag er det 90 veker som er normalen. Dette blir stadig betre og målet er etter kvart å nå 100 veker. Lenger levealder gir mindre klimaavtrykk og er eit resultat av avlsarbeidet som blir gjort.

Anders er oppteken av dyrevelferd – det er lett å sjå når dyra ikkje har det bra! Foto Jon Olav Ørsal
01Fakta
I tillegg til 7.500 verpehøner er det mjølkeproduksjon med ein mjølkekvote på 900.000 liter, sam kjøttproduksjon der det leverast rund 180 oksar pr år som slaktedyr. I tillegg er brøyting ein vintersyssel, både på fylkesvegar, kommunevegar og private vegar.


