Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå oss i redaksjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. desember 2024

Da bankar eit nytt år på døra, og tida er inne for å sjå seg litt tilbake, også for oss i Todalen.no. I 2024 har vi produsert og  publisert 1062 saker,  noko som er 44 saker meir enn i 2023, Besøkstala på sida vår ligg i snitt godt over 1000 besøk kvar dag, så det er tydeleg at mange sett pris på det arbeidet vi gjer, og det er vi sjølvsagt glade for!

På årets siste dag vil vi takke alle våre samarbeidspartnarar og alle  støttemedlemmar. Den økonomiske støtta frå desse er heilt avgjerande for å kunne drive Todalen.no. 

Vi i redaksjonen vil nytte høvet til å takke alle for året som har gått og håpar at de blir med oss i det nye året også!   

Vi ønsker alle godt nyttår! Helsing oss i redaksjonen ved Guro, Dordi Jorunn, Jon Olav og Bjørn Gunnar

Først publisert: 31. desember 2024, 21:00 - Sist oppdatert: 1. januar 2025, 09:57