Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå Nannestad til Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2024

Vi kan vel eigentleg konkludere med at det er folk frå heile landet som brukar Toåa tursti – til saman mange tusen besøk på dei åra sia den vart laga. Denne gongen trefte vi familien Haarberg/Torvik/Holtberget ved Båthølen.

Her ligg gapahuken, og da er det naturleg å ta ein pause her – heile gjengen kjem frå området Nannestad, og var slett ikkje ukjent i Todalen med slekt på Høyem og med bruk av fiskestonga i Toåa. Dei var imponert over den flotte turstien, og ærendet i dag var nok lufting av firbeinte venner.

Infotavla – her finn du info om laksefisket, båndtvang og Vipps til Toåa Tursti dersom du vil bidra til vedlikehald av turstien. Foto Jon Olav Ørsal

Gapahuken i Båthølen er nok som eit knutepunkt på turstien – hit er det universell standar på stien og fiskeplassen.  I tillegg er det infotavle og utstyr for bålbrenning og ikkje minst eit mini bibliotek som det går an å trøye tida med om du blir overraska av ein floing.

Universell fiskerampe i Båthølen – her kan du prøve laksen… Foto Jon Olav Ørsal

Blir du overraska av ein floing, kan du finne lesestoff i gapahuken i Båthølen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. juli 2024, 10:24