Miljødirektoratets regulering av laksefisket i elvane på Nordmøre får ingen store konsekvendsar for fisket i Toåa. Fisketida blir ikkje endrat – det kan fiskes laks og sjøaure i Toåa fram til den ordinære sesongslutt som er 15. august. Frå laurdag 27. juli innføres gjenutsetting av hofisk av laks. Dette blir gjort for å sikre oppgangen av gytefisk i Toåa og fleire av dei andre Nordmørselvane.
Todalen eleveigarlag minner om at det er behov for stamlaks til neste års smoltproduksjon. Dette gjeld villaks, og både han- og hofisk. Elveeigarlaget honorerer villaks som kan brukast til stamlaks med kr 500 pr stk. For å gjennnomføre dette på ein fornuftig måte har Todalen Elveeigarlag sett ut stamlakskassar langs elva for å oppbevare laksen til den kan bli henta og frakta til Stamlakshuset med eigen transport.
Ta derfor kontakt med Ola Bruset (tlf 915 95 894) eller Ståle Ansnes (tlf 901 62 280) dersom du har fanga laks som er plassert i ein av stamlakskassene, slik at det kan gjærast ein avtale. Det er utplassert stamlakskassar på følgande stader langs Toåa: Oddøyhølen (nordsida), Båthølen (sørsida), Skjorahølen, Raudåhølen, Hagan, Brusethølen, Lakssteinen, Ramsøya og ved Hengebrua.