Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå Kristiansund på Todalstur

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2024

Ein busslast med pensjonerte sjukepleiarar tok i dag turen til Todalen  – på programmet hadde dei besøk på Gammelfabrikken i Brusetmarka, der dei inntok medbrakt lunch, og fikk omvisning og vart presenterte for historia om «møbeleventyret» Talgø. Etterpå bar det vidare til Kårvatn og til middag på Todalshytta.

Flott parkanlegg ved Gammelfabrikken – i bakgrunnen skimtar vi Storfossen Foto Jon Olav Ørsal

Ein gjeng på eit førtitals pensjonerte sjukepleiarar held godt saman med forskjellige aktivitetar, og kvart år legg dei ut på ein dagstur med buss, fortel Kirsten Gujord Meese.  – Denne gongen gjekk altså turen til Todalen, med Gammelfabrikken, Kårvatn og Todalshytta.

Publisert: 5. juni 2024, 17:00