Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frå innvandrar til medborgar

Frå innvandrar til medborgar

Elinor Bolme Tysdag 12. oktober 2010

I morgen kveld kjem Folkeakademiet i Surnadal til Sanitetshuset for å prøve å samle alle innvandrarane som bur i Todalen. Dette er eit landsomfattande satsningsområde som også lokallaget i Surnadal er med på. Dei har slike treff jamnleg i Surnadal sentrum, og ønsker no å sjå om dei kan få til noko her i Todalen også. 

Til å hjelpe seg med dette, så samarbeider dei no i første omgang med Todalen Sanitetsforening. For også Saniteten har integrering av innvandrarkvinner som eit stort satsningsområde på landsbasis. Kvar enkelt innvandrar har no fått sin eigen invitasjon, og leiar i Folkeakademiet i Surnadal, Else B Andresen håpar at dei fleste ser gagn i dettte tiltaket.

Her kan du lese meir om Folkeakademiet sine arbeidsområder.

Publisert: 12. oktober 2010, 10:43