Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føtter. Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Han har ein klauvboks som er tilpassa klauvstell på storfe, og her går det fort å stelle klauvene på ei ku.
-Det er lik ens med kyrne som med folk, at skal du yte maksimalt så lyt du ha godt stell, seier Trond Løfaldli, som har distrikt frå Molde i sør til Snillfjord i nord. I fjor stelte han fotane på heile 7300 kyr – tilsaman meste 30.000 fotar. Han trafikerer rundt med sin skjærebås heile året, men det kan variere kor ofte dei må han behandling – frå 1 til 3 gong i året.
Da vi trefte Løfaldli var han hos Ola Kvendset i Viastua, men han har vært rundt heile bygda og stellt med alle mjølkekyrne den siste veka. Nytt det siste året er at Løfaldli no rapporterer direkte inn på helsekortet til krøttera. – Så når bøndene skal velge okse ved neste inseminering så finn dei opplysningar om føttene til kyrne der, og kan ta hensyn til det når dei vel okse.