Folk frå bygdebokprosjektet i Surnadal vil utover hausten fotografere heimar i Stangvik til bruk i ny bygdebok. Dette gjeld heile strekninga frå Hyllbakken til Brøskja. Arbeidet vil starte så fort det blir finversdagar og fotovær og halde fram til alle heimar er fotograferte.
Viss nokon har ting dei vil ha gjort utanfor veggane før fotografane kjem, er altså tida inne no. Viss nokon held på med restaurering eller av andre grunnar ikkje ønskjer at det skal fotograferast i haust, ber Surnadal kommune dei ta kontakt med bygdebokkontoret snarast slik at dei kan finne ei anna løysing.
Kontakt bygdebok på e-post: norunn.holten@surnadal.