Laurdag var knøttelaget til Todalen IL invitert til Grøa for ei vennskapsturnering på tampen av fotballsesongen. Fire klubbar med tilsaman 7 lag var i aksjon, og tilbakemeldingane tilseier eit topp arrangement.
Grøa IL, IL Søya og Kvass/Ulvungen stilte med (nesten) to lag kvar. Her fekk Søya låne to habile todalingar til å berge litt mannskapsmangel gjennom dagen.

Ingen ting gjer seg sjølv. Voksne støttespelarar er viktig. Her tre av Todalen sine ved Julia Halle, Bjørn Gunnar Ansnes og Ingeborg Myrvang bakom.

Etter tre kampar med både vinn og tap endte reisa i eit restaurantbesøk på Sunndalsøra som eit lite punktum for ein innhaldsrik sesong. Gjengen takkar Todalen IL som sponsa pizza og brus til avslutninga.
Foto: Ingeborg Myrvang og Steinar Husby.