Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballquiz i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. april 2022

Fredag 22. april frå klokka 19:00, har IL Søya gleda av å invitere til fotballquiz i Bondehuset. Quizmastere for kvelden er NRKs Tete Lidbom og Sven Bisgaard Sundet. Duoen, som er mest kjent frå fotball-podcasten Heia Fotball, skal straks i gang med Norgesturné med heilt nytt show, men før turneen kjem dei altså på besøk til Bondehuset i Stangvik. Heia Fotball er ein av Norges mest høyrte fotballpodcaster, og  bakgrunnen for at Tete og Sven kjem til Bondehuset, er at det under fjorårets TV-aksjon var mogleg å by på ein kveld med underhaldning frå desse to. Sidan vinnarbodet kom frå «Søyaland» blir idrettslaget med som arrangør for å få til ein trivelig kveld, som flest mogleg får gleda av.

Eventuelt overskott frå arrangementet går til barnefotballen i IL Søya, samt ei overrasking til alle barna som deltek på årets Søya Cup den 27. august. I tillegg til dette er vinnerbodet i auksjonen allereie gjeve til Plan Norge og deira arbeid mot barneekteskap og for at jenter over heile verda skal få moglegheit til utdanning og arbeid.

Tete og Sven vil leie oss gjennom to rundar med uformell fotballquiz før Karstein Mauset tek fram gitaren og fyller Bondehuset med livemusikk, når quizen er ferdig. Det blir sal av drikke og snacks i baren. Medbrakt drikke er ikkje tillat og det er 18 års aldersgrense.

Få med deg vener, naboar, kollegaer eller andre og meld på lag!

  • Stad: Bondehuset i Stangvik
  • Dato: Fredag 22. april
  • Tid: Døren opnar klokka 19:00. Quizen tek til klokka: 19:30
  • Inngang: Kroner 150,- per deltaker.
  • Kleskode: Helst fotballdrakt, men alt går.

Påmelding: SMS til Torgeir Kvendset (906 67 357). Lagnamn og namn på laget sine deltakarar må vere med ved påmelding.

Førstemann til mølla får plass!

Plakaten kan du lese her: IL Søya – Fotballquiz

Du kan også følge IL Søya på Facebook

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 9. april 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 8. april 2022, 16:07