Med over 80 frivillige i aksjon og rundt 560 fotballglade ungar fordelt på 80 ulike fotballag var rammene for ein triveleg og godt gjennomført Søyacup sett nok ein gong. IL Søya er rutinerte arrangørar, og hadde tnaturleg vis også fullklaff med vêret på Kvanne.
Nytt av året er både at det er kampar på Svissholmen for enkelte lag, samt at det har vorte ny 3’er bane ved klubbhuset. Totalt 121 kampar på 8 ulike banar for 6-åringar og opp til 12 årsklassane. 3’er banen er no vorte ein permanent bane, med innkjøpt av bruka kunstgras med vant i rundt.
Leiar i IL Søya si fotballgruppe Lars Inge Kvande er naturleg vis storfornøgd med dagens arrangement, og retter ein stor takk til alle dei frivillige i laget som har stått på denne dagen, og ikkje minst i dagane i forkant. -Dette er ikkje gjennomførbart utan gode komiteleiarar og dei alle frivillige som er med og gjer ein innsats for klubben sin.
Cupen er nok no ein av dei aller største på Nordmøre, og klarte nok som visjonen til IL Søya er; å skape gode fotballminner for alle dei som kom og deltok.
Under er eit rikhaldigt fotogalleri frå Søyabanen. Foto Elinor Bolme