Torsdag 3. september er det fotballkamp mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G10 1 på Bordholmen kl. 18:00! Då er det duka for første kamp på Bordholmen denne sesongen. Koronasituasjonen har ført til at sjølv om vi no skriv september så har sesongen knapt starta for borne- og ungdomsfotballen. For Søya/Todalen G9/10 er dette tredje kampen denne sesongen.
Det blir open kiosk. Alle som kjem, må registrere seg med telefonnummer som ledd i eventuell seinare smittesporing. Registreringa vil finne stad ved innkøyringa til Bordholmen (ved reidskapshuset). Idrettslaget ber difor om at dei som eventuelt kjem gåande, tek turen bortom innkøyringa for å registrere seg og ikkje tek «snarvegen»
Frå Drift- og anleggsstyret har vi fått opplyst at banen er i perfekt stand og nytrimma. Så då står det berre att å ønskje velkomne på fotballkamp!