Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballglede med både sol og snøbyger

Jon Olav Ørsal Måndag 6. mai 2019

Måndag kveld hadde J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første seriekamp på Bordholmen i år, og det var Surnadal 1 som var på besøk. Til tross for at det berre var nokre få varmegrader var det stor fotballglede og godt humør i gjengen som entra grasmatta på Bordholmen.

Det var ein forholdsvis jamn kamp, og enda da også med uavgjort resultat.  Alle gjorde ein solid innsats, og vi kan berre ble oss på å få fleire heimekampar på Bordholmen utover sommaren.  Kampens dommar var Trym Schei Kvendset. 

Vi tok lagbilde av dei to laga som velvilling stilte opp og viste sine blide fjes til fotografen.

Blide jenter frå KUST – Kvass/Ulvungen/Søya/Todalens J11-lag på Bordholmen måndag kveld. Framfor ligg keeper Solveig Andersen, sittande frå venstre Nathalie Moen Fiske, Nicole Nordvik og Marie Kvendset Bergli. Attafor frå venstre Kamilla Varmøy, Hanna Hals, Mali Foss, Elvira Stavheim Seljebø, Marte Kvande og Mia Vasseng Hansen. Foto: Jon Olav Ørsal

Surnadal 1 J11 klar for kamp mot KUST. Framfor frå venstre Thiras Tklemarians Ande, Selma Stavik Heggset og Vilde Lie Fjeldvær. Attafor: Vilde Moe, Ane Moen Fiske, June Strand, Marie Kalvøy, Leah Bjørseth Svensli, Maja Hyldbakk Kvande og Ronja Teilgård Holten. Foto: Jon Olav Ørsal

Bakels og graut….. Nystekte bakels er noko alle likar – Laila og Knut sørga for at Johan K. fikk ferske varer med seg heim! Foto: Jon Olav Ørsal

  

 

 

Publisert: 6. mai 2019, 18:30