Barne og ungdomsfotballen rullar for fullt. I dag blir det spela to kampar, ein på Bordholmen og ein på Bankslettå. På Bordholmen møter G12 Søya/Todalen eit av laga fra Surnadal kl 18. På Bankslettå er det J14 Kvass/Ulvungen/Søya /Todalen som også skal i kamp mot eit Surnadalslag, dei med kampstart kl 19.
På begge stadionar er sjølvsagt kiosken åpen med nykoka kaffe og nystekte bakels.
Onsdag kl 19 spelar G14 Kvass/Ulvungen/Søya /Todalen på Ålvundfjord Stadion mot Hjelset/Kleive og fredag er det A-laget som møter Øksendal på Bordholmen kl 19.