Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballdugnad

Elinor Bolme Måndag 21. september 2015

Søndag var det knøtteturnering på Syltøran. Dette er eit årvis arrangement, der alle idrettslaga i kommunen går saman og lagar ei uformell knøtteturnering på tvers av klubb, lag og vennskap. Surnadal IL sin koordiator Anett Ranes er den som held i trådane, medan representantar frå dei andre lokale fotballklubbane bidreg med litt planlegging og heller meir praktisk gjennomføring.

Ungane spelar på blanda lag, fordelt etter årsklasse. Denne gongen vart det enda til slik at jentene fekk ei eiga miniturnering. Og laga var navnsett etter tippeliga og Premier Leauge navn, så her møttes både Rosenborg, Brann og Molde til dyst.

image

Mange møtte opp, både av spelarar, foreldre og litt ekstra familie som publikum.

 

image

Takk for kampen! Her er RBK og MFK som har spela sin andre kamp. MFK vann begge to…

image

Jentene fekk til fire 3’er lag.

image

Raidet enda så klart i mål!

 

image

Fornøyelege arbeidsoppgaver både som klubbdommarar og oppmenn.

 

Publisert: 21. september 2015, 17:48