Onsdag kveld var det fotball for alle som hadde lyst til å spelelitt ball i sommarvarmen. Rundt 10 gutar hadde teke fram fotballutstyret og møtte opp til litt uformell fotballspeling.
Varmen gjorde at det ikkje var det store behovet for oppvarming, men litt oppvarming måtte til likevel. Etterpå var det litt pasningsspel og skottrening. Dei siste 40 minutta vart bruka til å spele kamp. Sommarvarmen gjorde nok sitt til at innsats og intensitet varierte litt.
Vi tek som tidlegare sakt sikte på å ha dette tilbodet kvar onsdag kl. 17:30 – 18:30. Så det blir ein ny sjanse allereie neste onsdag!