Onsdag blir det fotball for alle som har lyst til å spele litt ball på Bordholmen kl. 17:30 – 18:30. Det vil vere vaksne tilstades for å organisere og tilretteleggje. Vi oppmodar likevel foreldra til å bli med slik at dei kan gje ei hjelpande hand om det blir naudsynt. Om nokon som er her på ferie har lyst til å vere med, er det berre å møte opp!
Dette er eit tilbod vi tek sikte på å ha kvar onsdag framover, altså:
Onsdag 24.juni
Onsdag 1.juli
Onsdag 8.juli
Onsdag 15.juli
Onsdag 22.juli
Onsdag 29.juli
Onsdag 5.august
Onsdag 12.august
Tidspunktet er 17:30 – 18:30 alle gongene.
Hugs å ta med eigen drikke og leggskinn/leggbeskyttarar. Det blir sett fram handsprit som skal brukast før og etter.