Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Fosse for dumskallar» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. november 2024

Torsdag 14. november klokka 19:00 får Surnadal kulturhus storfint besøk, når Linda Eide og Sjur Hjeltnes kjem til kulturhuset og Storstuå med den bejubla forestillinga «Fosse for dumskallar»! 

Linda Eide lovar noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling. Foto: Tore Zakariassen/NRK

Visste du at nobelprisvinnaren Jon Fosse ville bli lastebilsjåfør?

Dette og mykje anna blir avslørt i den humørfylte forestillinga, der Linda Eide står for praten og Sjur Hjeltnes for musikken, slik vi kjenner dei frå «Eides språksjov» på NRK.

– Surnadal er verdas nordlegaste nynorskkommune. Da må vi sjølvsagt dit med framsyninga om verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål, seier Linda Eide.   

Torsdag kjem Linda Eide til Surnadal kulturhus med «Fosse for dumskallar». Foto: Tore Zakariassen/NRK

Publikum vil denne kvelden få servert mange sider av Jon Fosse. Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkjøring?

I «Fosse for dumskallar» får publikum oppleva det sprudlande samspelet mellom musikaren Sjur Hjeltnes og ordkunstnaren Linda Eide. Her er det glimt i auget frå første tone. Eller som Linda Eide sjølv seier:

– Dette er dumskallanes inngangsbillett til Fosseriket!

Billettar til «Fosse for dumskallar»

Publisert: 10. november 2024, 09:23