Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forvaltarar, vernestyret og rådgjevande utval samla

Jon Olav Ørsal Måndag 30. september 2024

Talgø brukar Gammelfabrikken og Todalshytta til forskjellig intern møteverksemd, men det hender og at dei blir leigd ut til andre når det høver slik.  I dag var det Verneområdestyret for Trollheimen som rådde grunnen, der dei hadde samla administrasjonen og rådgjevande utval til såkalla dialogmøte.  leiar i verneområdestyret flankert av forvaltarane Linda Forbregd henriksen og Hege Sæther Moen. Foto Jon Olav Ørsal

Da vi stakk innom i dag var dei på omvising i lokala der Trollheimsutstillinga er under montering, og det som skal bli den historiske avdelinga for Talgø-selskapa.  Hege Sæther Moen, som er verneområdeforvaltar, fortalte at møtet denne gongen skulle arrangerast i Surnadal, og at da var naturleg å kome så nært inn i Trollheimen som muleg.  Todalshytta serverte lunch til møtelyden, og på underhaldningsfronten stom ein enkel presentasjon av Talgøhistoria som John Moe sørga for.  

Gunnar Nordvik fortalte om Trollheimsutstillinga som no er under arbeid – her saman med Lars Olav Lund frå Statens Naturoppsyn. Foto Jon Olav Ørsal

John Moe presenterte 125 år med Talgøhistorie for møtelyden. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. september 2024, 14:29