På skulen skal dei ha avslutningsfest på temaet Nepal, og har den siste tida lært mykje om korleis dei kan hjelpe andre born. Tysdag 20. oktober kl 16 – 18 inviterer elevane i todalen oppvekstsenter alle som har lyst til å kome på FORUTfestival. Det kostar kr 50 for vaksne, og inkluderer linsesuppe og ris, kaffebrød og kaffe. Serveringa startar kl 16, og elles bys det på loddsal og lett underhaldning.
Inntekta fra arrangementet går til FORUTs prosjekt for born i Nepal og andre land i Asia og Afrika. Du finn meir info på heimesida til FORUT.