Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fortsett VM-suksessen i Montenegro

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2024

Isak Drøpping og Erik Kårvatn bekreftar at dei er i god VM-form.  Dei deltek i ungdoms-VM i Skyrunning i Bar i Montenegro.  For Isak vart det ny pallplass, da kan kom inn på nest beste tid 01:02:28 i klasse B (16-17 år)  – 00:03:18 etter spanjolen Biel Sagues Rovira som hadde bestetid på 0:59:10. Dermed var ei ny sølvmedalje sikra.  Isak og Erik representerer Randonee-landslaget og klubben Trollheimen Fjellsportklubb.

Erik Kårvatn sikra seg 5.-plassen i klasse U23 med tida 2:21:39 som 0:08:03 etter franskmannen Edgar Dumas som hadde bestetida 02:13:36.  I 30 graders varme var det tøfft å være løpar – Isak var heldig som starta tidlegare og hadde 12 km løype, medan Erik hadde 21 km løype og fikk full trøkk av varmen.  Men arrangøren var godt rusta på det, og Erik fikk «påfyll» med væske etter at han fikk problem i målområdet etter målgang.  

 

 

Publisert: 30. juni 2024, 11:19