Det er fortsatt rå for den med rette kvalifikasjonar å få seg jobb i surnadal. Sist vi hadde sak på dette kom vi nesten ut av tellinga på antall utlysningar. Også no, ei stund seinare er det fleire utlysningar. Amfi Kreativ, med hovedkontor på Landbrukshuset på Skei har no ledig stilling som prosjektledar reklamebyrå. Sjå heile utlysinga her: Prosjektleder reklamebyrå
Trollheimsporten lyser ut etter medarbeidarar som kan skrive for Surnadalsområdet. Den kan du sjå her: Medredaktørar Trollheimsporten
TINE søkjer økonomirådgivar, med kontorsted Surnadal, eventuelt i Molde.
Surnadal kommune søkjer ny fastlegeheimel til Surnadal Legesenter DA, pluss ei 20 % stilling som kommuneoverlege som kan kombinerast med denne stillinga.
Thon Hotell Vårsøg søkjer etter både reinhaldarar og medarbeidarar i restauranten og bistroen. Her kan vi også røpe at det kjem enda ei utlysning som resepsjonsmedarbeidar om litt, så følg med!
I tillegg kan det nemnast at Halsa Interkommunale Psykiatriske senter lyser ut to stillingar innan rusproblematikk. Dei finn du her : helsefagarbeidar/medarbeider. I Rindal ser det ikkje ut til at det er nokre ledige stillingar pr dags dato. Korriger oss gjerne om vi tek feil!