Kortautomaten på HalsOil er framleis ute av drift melder Terje Nordvik på ICA Todalen. Kortautomaten som vart installert i 2006 må skiftast ut med ein ny som taklar kort med microchips, og det blir ei investering på over 100.000. Automaten virkar framleis på enkelte kort uten slike chips, men du kan sjølvsagt fylle uten kort og betale i kortautomaten eller med kontantar inne på butikken. Nordvik fortel at det jobbes med å få til ei løysing så snart som muleg, men håpar at kundane har litt tolmod til kortautmaten er i orden igjen.