Yr.no meldte om litt høgare temperatur i dag, men da rekna dei nok med små marginar, for det er fortsatt mellom -15 og -20 rundt omkring i Todalen. Litt høgare temperatur ved sjøen utover stranda med 8-10 kuldegrader.
Ein godt innpakka trimmar – Frode Andresen – trefte vi uti Stranda. Han hadde montert på gradstokk i dag og rapporterte store temperaturforskjellar fra Svinvika der han hadde parkert og innover til «kjøpesentret» på Kvennset der det var -18 og kaldest.