I kveld var det meininga at Todalen skule, med elevar, tilsette og foreldre, skulle ha siste sommaravslutning før Todalen skule, frå fredag av, går over i historia og blir samanslått med Stangvik skule på Evenshaugen. Vêrutsiktene for kvelden gjorde at arrangementet vart avlyst, da det skulle foregå utandørs.

Velfortent blomster til dei tilsette, her representert ved, f.v. Julia Halle, Britt Mossing, Marit S. Lediard og Agnete O. Øyen. Foto: Privat
Difor møtte FAU opp på Todalen skule no i ettermiddag med ei blomsterhelsing til dei tilsette, for godt utført arbeid ved skulen i mange år.
Det var nokre frå FAU ved Todalen Oppvekstsenter som på ettermiddagens i dag møtte opp og overrekte blomsterhelsinga.

Velfortent blomster til Svetlana Moen for godt og upåklageleg reinhald av oppvekstsenteret sine lokalar gjennom mange år. Foto: Privat
Fredag klokka 14:10 tek elevane ved Todalen skule sommarferie, og dørene ved skulen blir stengt for siste gong, etter å ha husa bygda sin skule dei siste 101 åra (sidan 1920).
Frå august blir elevane flytta til Stangvik skule på Evenshaugen og til Surnadal barne- og ungdomsskule på Øye.