Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsvarsforeninga inviterer til historisk sommartur

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. august 2022

Laurdag 10. september inviterer Nordmøre Forsvarsforening alle sine medlemmer til den tradisjonelle historiske sommarturen sin. Årets sommartur går til Sunndalsøra. Oppmøte på Skei klokka 09:30, for vidare transport til Sunndalsøra. Dei som vil køyre direkte til Sunndalsøra, møter på Sunndal Rådhus klokka 10:45. 

Programmet for dagen tek altså til på Sunndal Rådhus klokka 10:45, der det blir ei detaljert orientering om programmet for dagen. 

Det blir besøk på Leikvin bygdemuseum, der det er etablert ei historisk samling av våpen og effektar. 

Det blir også besøk i ein velhalden tysk bunker, før turen går til den russiske krigskyrkjegarden. 

Det vil vere med ein lokal kjentmann under heile dagsprogrammet. 

Ta med eigen mat og drikke etter eige ønske. Det er og mogleg å få kjøpt mat på dei lokale kafeane på Sunndalsøra under vegs. 

Påmelding til Olav Jostein Holten på telefon 932 86 821 innan 8. september, slik at ein får oversikt over kor mange som blir med. 

Nordmøre Forsvarsforening ønsker volkommen til årets sommartur!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 30. august 2022, 18:00