Måndag kveld var det fleire stor starta slåttearbeidet – yr.no melder regn seinare i veka så no gjeld det å nytte finvêret så godt som mulig. Anders Karlsen og Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk har 2.100 dekar med gras som skal konserveres, og har starta slåtten. Dei konkluderer med bra avling, og reknar med å slå rundt heile bygda – alt nedafor Falla i løpet av veka.
På Kvennset er også Ola Kvendset i Viastua i gang med slåtten, også han er godt nøgd med kvalitet og menge i følge melding på Facebook. Kanskje den beste førstelåtten på mange år på Kvennset. Rundt heile bygda har det nok vore gode vokstervilkår, med mykje fuktigheit og såpass temperatur at tilveksten har vore god. For graset er det nemlig ikkje bra med for mykje varme, da kvaliteten da blir forringa.
Odd Harald Talgø som kjører slåmaskina hos Todalen Mjølk rapporterer om god avling. Han stiller med ny slåmaskin som har kapasitet på 9 meter bredde og klarer å slå knappe hundre mål i timen – og da går det jammen unna! No blir det nok full fart for å rake saman graset og kjøre rundballpressa og da er det nok lange dagar i vente.