Det var sjølvsagt Todalen Sanitetsforening som stod som arrangør for førstehjelpskurset som var arrangert i Ungdomshuset måndag kveld, og høvet var Sanitetens veke som i år har førstehjelp for eldre som tema. Ut over eigen nytte så var kurset også aktuelt for pårørande og kanskje også for naboar?
«Ikke vent og se, men ring 1-1-3»
Det var sett fokus på at ein skal lære seg å ta kontakt med helsehjelp når ein oppdaga symptom på sjukdom hos folk. Mange har så tradisjonelt så stor respekt for å tilkalle hjelp at det rett og slett blir for seint. Da er det betre å ringe ein gong for mykje enn ein gong for lite.
På kurset var det mykje fokus på kjente sjukdomar som slag, hjarteinfarkt og hjartestans. I Noreg er det rundt 12 000 slag og eit liknande tal for hjarteinfarkt kvart år. Vi fekk lære symptoma på dette og elles generelle symptom som det kan være lurt å reagere på med å kontakte AMK-sentralen.
Elles snakka kurshaldarane varmt for «Hjelp 113»-appen som alle burde ha – ved å bruke den får du heile tida hjelp og støtte etter at du har ringt 113. Hovudbodskapen var eigentleg at dei ufarleggjorde både bruk av hjartestartar og det å ringe 113 når du treng hjelp eller når du er usikker. Elles var det også mange gode tips å få for hjelp til sjølvhjelp i kvardagen.