Tysdag 10. mai klokka 18.00 blir det kurs i førsthjelp på Bordholmen. Det er omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør.
Instruktørar i førstehjelp er Jan Ove Bævre og Olav Polden frå ambulansetenesta, dei er både erfarne og dyktige kurshaldarar. Ivar Bolme og Håvard Halset frå Todalen brannkorps vil demonstrere «Hjartine» – hjartestartaren som er tilgjengeleg på Bordholmen.
Kunnskap i førstehjelp er viktig for alle, for viss uhellet er ute, så kan di hjelp vere avgjerande. Repetisjon av kunnskap i førstehjelp, ikkje minst i hjarte- lungeredning, er lurt,- da føler ein seg tryggare og kan gje betre hjelp.

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer alle til kurs i førstehjelp. Frå venstre May-Elisabeth Holten, Kristine Saksen Ulvund, Jorun Gislaug Ørsal og Åse Ville Redalen. Karen Johanne Talgø var ikkje til stades. Foto: Dordi J H
Kurset er ope for folk i alle aldrar – det er inga aldersgrense korkje oppover eller nedover, seier leiar i omsorgsberedskapsgruppa, Jorunn Ørsal. Ho fortel og at kurset er gratis og at det blir enkel servering. Alle er velkomne!