Starten gikk kl 10 for klassane trk og familie. Familieklassen følgjer 2-km løype opp til Naustådalssetra, medan trimklassen følgjer 15-km trasèn vidare opp mot Kvennåbotn og utover til Talgønebba og inn mot målgang på Kårvatn.
Frå morgonen var det litt tåke nedover Dalalia, men yr.no lovar at dette skal ordne seg litt om senn utover føremiddagen. Starten for hovudfeltet – både 15-km og 27-km går kl 11, og ein håpar at fjella skal kome ut av tåkehavet litt om senn. Vi kjem att med meir om Kårvatn Sky Race når hovudfeltet har starta kl 11.