Måndag var låtskrivarseminaret, med Todalshytta som arrangør, godt i gang med arbeidet. Dei bur, og blir traktert på Todalshytta, medan den praktiske gjennomføringa av seminaret skjer på Gammelfabrikken. På tampen av dagen stakk vi innom, da var det meste av aktiviteten ferdig for dagen, men vi trefte Johanna Demker og Alf Bretteville Jensen i full aktivitet.
-Vi er vant til å jobbe åleine, og da er det ganske kjevjande å skulle «opne døra» til personlege ting, seier Alf og Johanna som sitter i sofaen med gitarane sine og prøver å få tekst og tonar til å harmonere for dagens første produksjon. – Du må liksom tørre å presentere tankane dine for dei andre i gruppa. Men vi venner oss til det, og det kjem etter kvart mykje godt ut av våre ideer når vi får tilbakemelding om kva dei andre tykkjer om dine tankar. Det er krevjande, men samtidig gange inspirerende, legg Johanna til. – Vi to kjenner kvarandre frå før og da er det mykje enklare, sjølv om veien kan være ganske kronglete enkelte gong, er dei to enige om.
Alle som er med på seminaret er vante låtskrivarar, og formålet med seminaret er å få nye ideer og nye impulser til å skrive gode tekster. – De nye impulsene er det da meininga at vi skal fortsette med heime og skal være med å utvikle oss, slik at vi får fornydd oss, seier Johanna. – Eg føler meg ofte som ein amatør når eg startar på eit prosjekt, men resultatet blir som oftast ganske bra når eg får jobbe litt med både tekster og musikk, – og øve det inn så det sitt, seier Alf. Og det er lett å få inspirasjon her, med Storfossens brus som ein slags bakgrunnsmusikk – det er berre å ta seg ein tur ut i parkanlegget her på Gammalfabrikken, seier dei to til slutt.
Torsdag kveld blir det «eksamen». Da inviterer heile gjengen til konsert på Gammefabrikken. Da får vi nok høre både nytt og gammelt når dei entrar scena både enkeltvis og i lag – og det gler vi oss på! I år er det 7 deltakarar på låtskrivarseminaret. 4 er «kjendisar» frå i fjor – Amund Maarud, Alf Bretteville Jensen, Terje Nordgarden og Johanna Demker, men nykommarane skjemmer heller ikkje laget. Det er Jace Everett fra Nashville i USA, Ingvild Hammer og Else Søllesvik.