Årets første laks i Toåa er komen på land. Det skjedde på Ramsøyvaldet, og var ein fin villaks på vel 3 kg. Først ute var Thor Lerstang, som er veteran med 43 års fartstid i Toåa. Det er nemleg ikkje første gongen han står for sesongpremieren i Toåa. Lerstang bur på Todalshytta og vi fikk ein rask prat med han i peisestua, før han skulle fortsette fisket.
Det er fine forhold for fiske i elva, men han tykte det var godt å kome inn i peisvarmen på Todalshytta, der han slappa av etter middagen saman med Johan Nygaard frå Halsa som også har tilhald på Todalshytta på førsterunde i elva. Lerstang skal fiske i Toåa fram til torsdag, så vi blir ikkje forbausa om han dukker opp på nettsida med laks i løpet av veka. 3-kiloslaksen var alt komen på plass i frysaren på Todalshytta da vi var innom.
Siste:
Vi har ikkje før lagt ut info om den første laksen, før den neste fangstmeldinga kjem! Rune Holtberget, som også er veteran i Toåa, har fått ein 4,5 kg laks velberga på land. Det er også villaks som ikkje er feittfinnekløpt – teken i Fosstrøin på markagn. Laksen hadde fleire lus på seg, og var nok nygått oppover elva, seier Holtberget. Han hadde forresten enno ein laks på kroken, men så rauk sena! – Holtberget gliser når han fortel at han alltid bruker å anbefale andre å lage ny seneknute når han har fått på land laks, men glømte dette sjølv i farten….
Elles har vi etter kvart fått rapport om at det er fleire som har hatt føling med laks i løpet av dagen – uten at å fått laks på land.