Det ble fullklaff og premiere for Signe Larsen som tok sin første hjort i dag, da ho sendte ein åttespiring til dei evige jaktmarker i Haukålia. Tross ung alder, så har ho lang fartstid som jagar på jaktlaget på sørsida. I år går ho med eiga børse, og søndag vart det altså premiere både for Signe og børsa.
Jaktlaget har teke 3 dyr så langt denne helga – ein spissbukk på laurdag, og ein 8 spiring og ein 10-spiring på søndag. Laurdagens fangst vart gjort i Bjørålia, medan det søndag vart 2 dyr i Haukålia. – Det var John Moe som tok den andre bukken i Haukålia.